søndag 28. august 2011

Den heilage ande som politisk rådgjevar

Det har kome fram at ein ordførarkandidat i Kristent samlingsparti, Magnar Tanem, har inntil ganske nyleg vore medlem i Norwegian defence league. Det sistnemnde var som kjend ein av 22. juli-terroristen sine favorittorganisasjonar.

Tanem seier til TV2 at han meldte seg ut av NDL to veker før terrorangrepet og at det skal ha vore Den heilage ande som oppmoda han til å forlate dette ikkje veldig trivelige laget, "en stund", som han seier. Kva tid Anden vil finne det høveleg å ta opp att kontakten kan jo bli interessant å sjå.

Men han burde kanskje ha konsultert Vårherre litt tidligare.

Det er litt for fristande å kommentere namna på desse ulike partia og organisasjonane... Kristent samlingsparti framstår ikkje som eigentleg veldig kristent eller samlande. Meir nasjonalistisk og splittande vil kanskje vere ei grei nemning? Og "Norwegian defence league"? Om desse er så opptatte av å forsvare Norge og norske verdiar hadde det kanskje vore ein ide å nytte eit norsk namn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar