torsdag 18. august 2011

Dyrelivet i Ålesund

Demokratane er eit parti vi ikkje høyrer så ofte om. Kanskje like greitt, vil sikkert nokre meine.

Leiaren i Demokratane i Ålesund, Kaspar Birkeland, har - visstnok grunna mangel av anna papir - funne fram ei to år gamal brosjyre og delt ut til folk i Sunnmørshovudstaden. Ho har bilete av ein død bjørn, ein død ulv og - eit slags teikneseriebilde av ein no avdød terrorist. Teksta er "Hvem er farligst?"

I nrk.no si sak er det eit bilde av Birkeland ved sidan av dei tre nemnte. Ikkje godt å seie kven som er farligast.

---
Om nokre skulle finne på å lese dette og falle i tankar om kvifor dette innlegget er skrive på Aasen sitt mål er det berre fordi skrivaren set pris på at vi har høve til å nytte både nydansk og nynorsk her i landet og difor driv med litt sidemål i lystelege lag. Samisk kan ein ikkje rekne med at vil dukke opp her, sopass respektløyse er ikkje underteikna i stand til å mobilisere for et godt språk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar