mandag 5. september 2011

Bistand i dass?

Ein høgståande representant for Leger uten grenser kjem med eit uvanleg krasst angrep på si eiga verksemd. Dr Unni Karanukara seier ifølge vg.no - som refererar til The Guardian - at vi blir bløffa av bistandsorganisasjonane. "Hjelpeorganisasjonene må behandle folk som voksne. Dette er en svindel, det er urealistiske forventninger som blir formidlet om at hvis du bidrar med 500 kroner så får folk mat å spise," seier han.

"Folk må forstå utfordringene medført å få hjelpen frem." skal han ha sagt og retter altså skytset mot alle som driv med innsamling til bistands- og naudhjelpsarbeid. Han har eit poeng.

Litt trist er det å registrere at alle VG har vore i kontakt med i det norske bistandsmiljøet blankt avvisar ideen om ei meir balansert framstilling av bistanden sine til tider vanvittige vanskelege utfordringar, både praktisk og etisk.

Problemet er nok at om ein skal freiste å framstille dette på ein redeleg nok måte vil det kanskje verke litt puslete? "Gje 50 kronar og det vil hjelpe ein familie i Somalia i ein månad. Kanskje." Smakar ikkje heilt godt.

Og det vidare problemet er at slike oppslag er vann på mølla til alle som leitar desperat etter grunnar til ikkje å støtte bistand, anten det er offentleg eller privat finansiert.

Ein er ofte opptatt av at slike organisasjonar ikkje må bruke for mykje på "administrasjon". Det er rimeleg og rett, men "administrasjon" vil ofte innebere kvalitetssikring, kontroll og robustheit i organisasjonane. Det er ikkje heilt gratis, men heller ikkje uviktig.

Det er all grunn til å drive bistand, men det føresett at det er veldreven, seriøs verksemd som toler å bli kika i korta. At vi som private gjevarar og statlege organ er konstruktivt kritiske til organisasjonane burde vere ganske sjølvsagt, elles er dette berre avlat vi betalar innimellom for å kjøpe oss nokre gram godt samvit.

At bistand faktisk kan funke prøvde Tomm Kristiansen å minne oss om for litt siden, men det krev ein hel del ting som bistandsytarane ikkje har full kontroll på. Bistand kan både i seg sjøl vere undertrykkande og hjelpe undertrykkarane som var der frå før.

-----
Dette var altså eit innlegg i denne bloggen sin serie med eit mål som for skrivaren sin del er sidemålsaktig. Det må i same stund innrømmast at dette ikkje akkurat var kommuevalsrelevant, men slikt skjer i ein politisk blogg for idiotar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar